søndag, mai 28, 2006

 

Grøne verdiar

På vegen mellom Åsane og Arna gir sykkelen deg særleg fin kontakt med grøne verdiar. I vegkanten går kjeledyra, ekte sauer med lam. Her er det moro å stoppa og prøva å få klappa dei. Eit par syklistar på tur ser ut til å ha oppnådd kontakt. Men trø ikkje på innmark, og pass på når bussen kjem.

Rett rundt svingen står hobbyfiskaren optimistisk, han sveivar forsiktig inn fiskesnøret og kastar uti att. Han har høyrt rykte om at andre har fått fisk her, men ikkje sett det. Kanskje det var litt lenger inne i elva? Språket tyder på at han er mindre kjent her, ein danske kanskje ? Eg kan fortelja han at eg har sett fiskarar her før, for eit par veker sidan var her minst 3. Det gir han ny von, sjølv om opplevinga av å berre kunne stå her ser ut til å gleda han meir enn nok.


fredag, mai 26, 2006

 

Forvent litt mer! eller Vent litt meir?

På heimturen via Eidsvågneset opplever eg å bli vitne til at eit busskur blir reingjort for tagging. Servicebilen ventar medan ein av mannskapet i sitrongul kjeledress og bokstavane NCC på ryggen arbeider i busskuret på andre sida. Flott at nokon har i oppgave å ta seg av dette. Men prøv å skilja mellom grafitti og tagging er no mitt syn.

På bilen står det NCC, og slagordet "forvent litt mer". På nynorsk blir det: "Vent litt meir", men det er vel ikkje meininga. Eller kanskje det har litt meining i dette tilfelle. Busskura skal brukast til venting. Når dei er pussa og vaska kan folk gjerne venta litt meir, utan å irritera seg over tilgrisa og skitne skur. NCC Region Vest har hovudkontor i Arna, og her er nynorsken framleis i bruk. Men er det nynorsken som kjem til kort i dette tilfelle? Kva skulle det stått på nynorsk for å få fram same meininga som på bokmål? Eg veit ikkje.

onsdag, mai 24, 2006

 

Strategiske grep og taktisk manøvrering

I dag, på opningsdagen for Festspela, ser veret lovande ut ei stund, men utpå dagen kjem fleire heftige regnbyer. Må eg la sykkelen stå att i byen i dag? I korridoren møter eg tilfeldigvis Rolf'en. "Sjølv om det regnar i sentrum er det fint i Åsane. Du blir sjeldan våt når du syklar den vegen", meiner han. Kanskje har han rett, men eg skal heilt til Arna. Eg ser for meg fleire strategiar, men vel å ta toget heim først, for heller å henta sykkelen på ein kveldstur. Nokre timar seinare er eg attende i byen og på veg utover mot Bryggen. Då først hugsar eg kva eg har gløymt: Regntøyet! Ei truane regnbyge kjem bakfrå over Løvstakken, eg kjenner eit par dropar. Skal eg snu her? På festningskaien står bilane som skal vera med danskebåten. Ikkje akkurat festleg dette gjerdet, men det skal vera eit globalt strategisk grep som vi berre må finna oss i. Gjennom gjerdet ser eg at det lysnar på himmelen under skylaget over Askøy. Det må vera eit godt teikn, og med tanke på Rolf'en sine ord blir eg meir optimistisk. Utover i Sandviken set eg opp farten og held regnbyga, som no har nådd sentrum, på avstand. På Eidsvågneset bryt til og med nokre solstrålar igjennom skyene.
Men brått får eg anna å tenkja på. Ei ny regnbyge kjem over Sandviksfjellet og fyller heile Jordalen framfor meg. Og ute ved Salhus ser eg også at regnet er på veg. Eg er i ferd med å bli omringa. Kvar skal eg søkja tilflukt? Det må bli i eit busskur, eg veit om fleire busskur lenger framme. Eg tumlar med planar om taktisk framrykking frå busskur til busskur. Men i Åsane er asfalten framleis turr. Han har rett Rolf'en. Eg må ta bilete av eit busskur. Det kan vera godt å ha til seinare, når eg verkeleg møter regnet frå Gulfjellet.

Eg snur innover frå Vågsbotn, og ser i spenning mot Gulfjellet. Førebels ikkje så skummelt, nokre skyer over Vardegga har til og med fått farge av kveldssola. Snart er eg framme ved kyrkja i Ytre Arna, som alt har fått flomlyset på. Då ser eg regnet inne i fjorden ved Osterøybrua. Kjem regnet nærare? Her er avstanden kort heim til Garnes, dersom det hadde vore bru over. Ideen har faktisk vore diskutert offentleg som ein byutviklingsstrategi for nokre år sidan. Frå Garnes skulle det gå bybane på det gamle jernbanesporet, og med gangbru frå Ytre Arna ville trafikkgrunnlaget vorte bra(?). Synd for meg akkurat no at denne strategien ikkje er fylgt opp.Eg må som vanleg ta vegen innover langs Arnavågen, passerer eit par busskur, og tenkjer at desse kan vera gode å ha. Taktikken er klar. Så, rundt neste sving ser eg den grå veggen rett framfor meg. Eg satsar på å søkja ly i neste busskur, men på neste busstopp står det berre eit skilt. Dermed er regnbyga er alt over meg. Eg burde sjølvsagt ha visst at det ikkje finst busskur langs ruta mellom Ytre og Indre Arna. Her er det berre spreidd busetnad, og folk sit heime i stovene sine og ventar på bussen. Nei, her skulle det vore bustadfelt og større trafikkgrunnlag for å byggja fleire busskur, slik at regnvåte syklistar kunne finna ly. Men regnbyga sluttar like fort som ho kom, og snart er eg framme ved bilen på Øyrane Torg. Asfalten er våt, men syklisten er berga for denne gongen.


mandag, mai 22, 2006

 

Trafikksikker søledam

I dag har det vore gråvær, som det normalt skal vera minst 200 dagar i året her i Bergen. Eg har høyrt værmeldinga og er førebudd. Sykkelturen heim frå Arna stasjon skal ikkje by på store utfordringar. Det regnar ikkje stort meir enn det ein god syklist fordampar. Men regnvatnet skal følja det evige kretslaupet og finna vegen ut i havet før det kan stiga til værs att og gje oss meir nedbør. Her har det samla seg bak eit velmeint trafikksikringstiltak, ein asfaltdump i vegen forbi Gamle Arna stasjon. Tverrfall innover og manglande grøft forsterkar problemet. Tilsvarande situasjon har du kanskje sett fleire stader. Kle deg etter været, særleg på beina, er nok eit godt råd.


lørdag, mai 20, 2006

 

Sykkelrutejubileum

I dag er det 5- års jubileum for opninga av Nordsjøsykkelruta, ei 6000 km lang sykkelrute gjennom 8 land rundt Nordsjøen.
Eg skal vera med på markeringa, startar frå Fylkeshuset og tek Lars Hillesgate sørover mot Danmarksplass. No har eg også høve til å prøva korleis det er å sykla til og frå jobben for dei som bur i Søndre bydel - Fana. Eg finn skiltet der det stå Fanaruta og talet 1, som er nummeret på Nordsjøsykkelruta, NSCR. På Danmarksplass er eg litt i tvil om korleis traseen held fram etter undergangen. Rett veg er vidare sørover langs Fjøsangervegen. Herifrå er det 153 km til Haugesund.

Sjølv om sykkelvegen kan vera litt smal og med trafikk i begge retningar, kjennest ikke det som eit problem i dag. Tilhøva vert betre lenger sør. Ved Fjøsanger kryssar sykkelruta over hovudvegen på ei bru, og litt lenger framme må eg gjennom ein undergang, men eg har storslått utsikt over mot Gamlehaugen, og dit er det lett å ta ein avstikkar for dei som vil.

No går det lett og fort unna. Her går sykkelvegen på eit nedlagt jernbanespor. Gamle Vossebanen gjekk om Nesttun før tunnelen gjennom Ulriken vart bygd. Ved Hop finn eg ikkje skiltet som viser kor Nordsjøsykkelruta tek vegen, men sykkelvegen til Nesttun er i alle fall godt skilta. Oppover mot Nesttun står skogen tett langs vegen, og syklinga går som ein draum.

Og vips, etter berre 25 minutt, er eg framme på Nesttun. Det er laurdag føremiddag og ein gatemusikant har stilt seg opp. Det nye gatetunet er blitt ei praktfull og monumental sentrumsgate. Sykkelparkeringa er vel kanskje litt for sentralt plassert i gatetunet.

Den nye gågata berre ligg og ventar på at bybana snart skal stå klar. Stolpane til køyreleidninga er alt sette opp. Klokka viser 11.20, og Nesttun er ikkje det bydelsenteret som har mest hektisk laurdagshandel. Men grunnlaget for ei spennade sentrumsgate er på plass.

Pausen er kort, for no vert det moro å ta same vegen attende og møta andre på sykkel som er ute for å feira 5-årsdagen for NSCR.


mandag, mai 15, 2006

 

Dugnad langs vegen

I dag er det hektisk aktivitet i gata der 17.mai prosesjonen skal gå om eit par dagar. For meg som syklist vert det mykje tryggare når grus som er strødd på asfalten i løpet av vinteren vert kosta bort. I Høgatun sameige må alle vera med når gata skal pussast opp. I løpet av ein ettermiddag fyller dei opp ein heil kontainer med rusk og rask. Tørre kvistar vert samla i hop, og busker og hekkar langs vegen vert stelte. No må vi skjerpa oss vi andre også. Har vi gjort jobben i Garnesstølen velforening?


fredag, mai 12, 2006

 

Hentetid i barnehagen

Eg er på veg heim frå stasjonen, oppover vegen til barnehagen, som eg skreiv om i dag tidleg. Klokka er 16. No er det meir trafikk her. Samstundes er det nett på denne tida at småborna som bur her er ute og leikar. To på rulleskøyter og ein på sykkel. Etter at trafikken vart lagd utanfor på ny veg, har dei vore vane med lite trafikk. Men så kom den nye barnehagen, som fører til mykje trafikk i begge retningar fordi barnehagen ligg i enden av ein ein blindveg. Dei køyrer sjølvsagt hensynsfullt her, foreldra. Men leiken vert hindra kvar gong ein bil skal forbi. Trøysta får vera at etter kl. 17 vi det stilna av. Her er eit bilete av situasjonen no i hentetida. Burde det ikkje ha vore eit fortau her?

Hvis foreldra hadde kome på sykkel, ville biletet vore annleis. Men fleire av borna som har fått ein etterlengta barnehageplass bur kanskje langt unna. Eg snakkar nokre ord med ei mor som kjem gåande. Det er planar om fleire bustader her. Eit fortettingsprosjekt ved Gamle Arna stasjon, truleg ganske mange bustader. Hvis byggjeprosjektet blir godkjent, vil fleire born ynskja å leika i vegen her. Her kan vi få ei konflikt som kjem til å bli større enn no. Som sykkelentusiast er det lett for meg å trekkja den same konklusjonen som alltid: Bruk sykkel, også til og frå barnehagen!

torsdag, mai 11, 2006

 

Hingsteslepp om våren

Her er spor etter ein av hingstane som har vore ute å yppa seg no i mai - i Gaupåsvegen opp frå Ytre Arna. Fartsgrensa gjeld vel berre for møtande trafikk. Har han prøvd å pløya seg eit par potetfurer oppover på venstre sida no i våronna?

Stutekalvane på Garnes ligg ikkje sålangt etter dei heller. Her har dei sett spor etter seg i 30-sona ved skulen.


onsdag, mai 10, 2006

 

Sykkelfeltet er for syklistane!

På tur utover Sandviksveien møter eg ein situasjon som eg også har opplevd før: Ulovleg parkert bil i sykkelfeltet. Er det innehavaren av kafekiosken eller er det ein kunde som står her? Ikkje så greit å parkere ein annan stad for den som har bil heller. Ikkje lett å drive butikk her hvis ein skal basere seg på bilkundar. Ein liten fortauskafe er det plass til, men Sandviksveien er no likevel ei gate der gjennomgangstrafikken dominerer, særleg i rushtida. Eg ventar, tek eit bilete medan ein syklist må passere på utsida av den parkerte bilen. Samstundes skimtar eg ein råsyklist midt i gata langs den gule stripa som skal svinga til venstre lenger framme. Dristig køyring sjølv om han har gul vest. Fleire trafikkfarlege siuasjonar kunne oppstått her. Etter at eg har venta ei stund til, kjem sjåføren for å starte opp. Ein mann i sin beste alder. Tenkte eg det ikkje. Sjå kva dei gjer med dette i Oslo her.

Ute i Helleveien, ved Rimi-butikken på Lønborg står det mange parkerte bilar som blokkerer sykkelfeltet. Det ser ut til at dei skråparkerer av gamal vane, for å "spara plass", og dei strevar med å rygga ut att i køyrebana. Kvar skal syklistane gjera av seg her? Kunne oppmerkinga av parkeringsplassane vore gjort slik at det vart slutt på denne feilparkeringa, er det politiet som må komma og statuera nokre eksempel, parkeringsselskapet eller kan butikken gjera noko?

Litt lenger framme ser eg eit godt alternativ: raud asfalt. Raud asfalt kunne vore nytta for at bilistane skulle fått større respekt for sykkelfeltet som går mellom parkeringsplassane og køyrebana. Det er skilnad på butikkparkering og parkering langs vegen i bustadområda. Framfor butikken kjem det stadig nye bilar medan andre skal ut. Raud asfalt i sykkelfeltet ville vore bra her. Den raude asfalten er brukt litt lenger framme for å gjera dei som skal ut frå parkeringsanlegget merksam på sykkelfeltet, men her ser eg ikkje heilt poenget. Den raude asfalten er dyrare og burde vore brukt der problemet er størst.


fredag, mai 05, 2006

 

Bilen skal fram

05.05.
I Åsane tetnar biltrafikken til no om ettermiddagen, særleg på fredagar. Kor lang er køen før rundkøyringa på Nyborg i dag tru? Eg har site i verre bilkø her sjølv enn dette.


Men på vegane bortover forbi Gullgruven er det kø i alle retningar. Kvar er den største flaskehalsen? Kan det vera rundkøyringa i Vågsbotn? I alle fall blir eg vitne til at køen på E16 frå Arna ser ut til å stå nesten heilt stille fordi det er stor trafikk ut frå byen, og dei som kjem frå Arna har vikeplikt for bilar som er på veg frå byen og skal nordover E39.

Ved ei avkøyrsle like etter Vågsbotn står ein syklist og viftar med armane. Han klarer å tvinga 3 bilar som kjem mot oss på gang- og sykkelvegen ut att på hovudvegen. "Dette problemet har eg sett har utvikla seg i mange år", seier han. "Eg er formann i Åsane sykkelklubb og har teke opp denne snikkøyringa med politet. Dei har vore her ein gong, men det vert ikkje gjort noko." Køen på E16 strekkjer seg no så langt eg kan sjå forbi fotoboksen lenger inne, altså sikkert 2 km. Der inne er det fleire som svingar ut av køen og kjem hitover gang- og sykkelvegen. Køyring berre til eigedommane står det på eit skilt. I løpet av 5 minutt, som eg brukar bortover her, møter eg minst 10 bilar. Eg brukar kameraet, i tilfelle nokon vil vita meir om problemet. Her kjem snikarane på sykkelvegen.

I Arna står bilen min og ventar. "Det er stor trafikk frå Arna til Åsane ", vert det sagt i ei trafikkmelding på radioen. "Trafikk" - tenkjer eg, og trur eg har forstått meir enn som så. "Trafikken" er vel eigentleg mindre di seinare køen går. Er det ofte slik - at "offentleg informasjon" har skeiv innfallsvinkel og formidlar "sanningar" som ser rette ut frå ein synsstad, men som faktisk også er misvisande?


 

Sommaren kjem til byen

05.05.
Det er fredag ettermiddag, sommarvarmen er komen for alvor. Kong Sverre er blankpussa og folk slappar av omkring Smålungeren. Dette er ei hektisk tid for bylivet. Tallause arrangement skal skje no i dei næraste vekene framover. Det er umogleg å få med seg ein brøkdel. Dessutan er livet ute i bydelen også triveleg på denne tida. Naboane kjem ut og jobbar i hagen, og ein kan nyta livet på terassen.

Utover langs Bryggen ser det ut til at folk er i ferd med å ta helg. Småbåtar, seglbåtar og meir eksklusive fartøy har lagt seg langs kaikanten. Her er mykje å oppleva for dei som likar bylivet. Bergen har mange trivelege møteplassar i sentrum der folk kan samlast og vandra omkring. Ein treng visst ikke reisa utanlands for å få med seg ei storbyoppleving.

Eg må setja kursen heimover. Det trengst nokre fleire km i sykkelrekneskapen for denne veka.

This page is powered by Blogger. Isn't yours?