fredag, september 26, 2008

 

Heim til middag

Sykkelturen heimover går som regel seinare enn til jobben. Om morgonen er turen svært målretta, og det er ingen grunn til å ta pause. I dag tok det berre 1 time 32 min. frå stasjonen. Men om ettermiddagen tek det som regel lenger tid sjølv om målet er å nå heim til ein herleg middag, kanskje fårikål no om hausten. Såg eg ikkje at fårikålen vart teken om bord i ein bil no ein dag?

Tida går fort dersom ein tek til å undrast over ting som hender langs vegen. Som til dømes at det er reist ei hytte der borte på jordet. Kan det vera ei jaktbu? Ikkje heilt usannsynleg. Dersom hjorten skulle komma fram borte i skogkanten i kveldinga no i jakttida, har jegeren, dersom han sit inne i bua, gode odds til å fella dyret.

Hjortesteik høyrest bra ut. Då kan ikkje Toro konkurrera med ferdigmaten sin. Det hjeper ikkje kor flinke dei tilsette er til å sykla heller. Hjortesteik kan dei ikkje levera.

Å sykla roleg bak denne denne travhesten som er ute på ein treningstur bør ein også kunne ta seg tid til. Middagen kan venta. Men kva er vel meir ulogisk enn at han må dra på eit traktordekk ?

Nesten 2 timar tok heimturen til Arna stasjon i dag, der bilen stod parkert. Til middag vart det korkje hjortesteik eller fårikål.


tirsdag, september 23, 2008

 

Nye utfordringar

Byen er i ferd med å byggja bybane. I Kaigaten vert det jobba intenst, men enno er det eit par år til bana skal takast i bruk. I anleggstida er dei utfordring for mange å unngå bilkøane, ikkje minst på veg heimover i ettermiddagsrushet. Fleire og fleire har innsett at det er lurt å sykla. Utfordringa no er å leggja til rette for betre og meir trafikksikre sykkelvegar.

Ei anna stor utfordring som mange er opptekne av er branntomtene i Sandviken. Holet i "tanngarden" som har oppstått etter brannkatastrofen i 4-5 av dei gamle sjøbodene må fyllast. Ikkje med ei talentlaus blokk som på tomta ovanfor, men med noko som samsvarar med dei andre kulturberande bygningane langs sjøen.

Den andre sjøbodbrannen har skapt ekstra utfordringar. Var det farleg asbest i røyken, og har den konsekvensar for naboane? Her står nye bustadblokker tett innpå brannstaden, ettersløkkinga pågår framleis.


Det minnkar på kulturminna langs sjøen. Fleire perler finst enno, men dei er truga av utbyggingspress, krevjande vedlikehald og brannrisiko. Hovudbygningen Maaseskjeret er ei slik perle.

På turen vidare heimover finst det også andre perler. I Eidsvåg er ei gruppe padlarar ute på vågen og kosar seg i ettermiddagsbrisen. Med dette været framover hausten skal det bli fint å sykla heim frå jobben. Utfordringa er om morgonen når det er mørkt, rått og kaldt, og andre morgonfuglar med kortare veg alt er framme på jobben.


This page is powered by Blogger. Isn't yours?