lørdag, april 29, 2006

 

Berg- og dalbane krev energi

28.04. heimover
Bakkane opp til Munkebotn (Sandviksfjellet) er bratte, og sola steikjer godt her om ettermiddagen. Eg kjenner at tørken brer seg i tunge- og halsregionen. Denne regionale utviklinga krev iverksetjing av adekvate verkemidlar. Fjelløl kunne vore godt no. Har eg ikkje sett dette ølet i ein butikk, i ein slik butikk som ikkje høyrer heime nokon stad? Ein stadlaus bygning med mønetak, kledd med metallplater og like identisk innvendig enten du er på Stord eller Fjøsanger. Du skal liksom kjenna deg att inne, kvar i verda du er spelar inga rolle. Og snart er eg framme ved ein av dei.


Varene med 0% står der akkurat som venta, sjølv om det sikkert var ein annan stad eg var innom sist. Men skulle ikkje prisen vore 1,90? Kjøp to flasker, så får du den tredje for panten av dei to første!
Så er eg klar for nye motbakkar.


tirsdag, april 25, 2006

 

Sykkeldagbok - til jobben - og heimover

Har du lang veg heim du då? Hvis du har lang veg, kan du la sykkelen stå til neste dag. For min del kan eg sykla til stasjonen og ta toget. Det er berre 3 km, men skal eg sykla heile vegen, er avstanden 32 km om Åsane. Då blir det for langt å sykla begge vegar på same dagen. Å sykla ein veg og reisa kollektivt andre vegen er eit godt alternativ. Elles er det fint å sykla små turar innover langs fjorden til Trengereid eller over Osterøybrua. Men det er meir spenning og fleire opplevingar i retning mot byen. Om vegen til jobben her.


 

Heimover på sykkel


24.04. Sykle frå jobben.

Det er litt for tidleg å stikke av frå jobben. Men når klokka er 15.00, får det vera nok. Sykkelen har stått parkert under tak og er klar for heimturen.


Vil turen heimover ta lenger tid? Er det lov å komma seint til middag? Var det eg som skulle gjera innkjøp og laga middagen i dag? Kunne eg ha venta til i morgon med å sykla og heller tatt toget heimover i dag?

I byen er utandørs servering i full gang, i alle fall på solsida av allmenningen. Det er freistande å stoppa litt her, men ikkje no. Eg lyt tenkja på at det vil gjera godt med ein pause etter ei økt på sykkelen. Kanskje det er fint å stoppa ein annan stad i sola.

Etter ei mangelfull sykkelstrekning forbi Bryggen og Bergenhus ser det brått meir lovande ut. Eit skikkeleg merka sykkelfelt. Og ein tunnel, er det Arnatunnelen, som eg har høyrt snakk om? Å sykla kortaste vegen attende til Arna gjennom ein tunnel ville vore greit.

Her ser du sykkelvegen min. Klart det ville vore ein fordel å sleppa omvegen rundt Eidsvågneset og gjennom Åsane.

Men stopp litt. Opplevinga og helsegevinsten er større når eg syklar rundt. Eit par snarvegar kan eg vel prøva. Kva med vegen over Munkebotn? Den er kortare. Eg tek meg opp i Amalie Skrams veg, held fram mot Sandviken sykehus og vidare på sterk stigning oppover i skogen, berre så vidt det let seg gjera å halda seg i fart på sykkelen. Kortare er det, men er det lettare? Her svingar vegen seg oppver som på ein klassisk norsk fjellovergang.

Høgste punktet på vegen er nådd, ca 150 m.o.h. hvis eg skal tru på http://www.bergenskart.no No trillar sykkelen lett bortover i turområdet langs Munkebotsvatnet og Langevatnet. I skogen nedover mot Eidsvåg kjem to stolte jenter på hestane sine. Framleis er eg utanfor bystrok og biltrafikk.

Denne strekninga er eit fint alternativ til vegen rundt Eidsvågneset. Men etter turen over Munkebotn ser eg ikkje fram til stigningane forbi svingane i Ervik og ny motbakke oppover mot Tertneskrysset. Og ikkje nok med det. Motbakkane heldt fram på bru over hovudvegen til eit høgdepunkt i Stamskaret, minst 100 m.o.h. der eg kan sjå ut over Midtbygda i Åsane. Er Åsane ei fjellbygd?

No må kursen setjast mot Arna hvis det skal vera mogleg å nå heim til Barne-TV. Det går bussruter mellom Åsana og Arna med bussar som kjem heilt frå Bergen sentrum. Om det er passasjerar på desse bussrutene veit eg ikkje, det er nok ingen trengsel. Nokre skuleelevar kanskje? Her kjem bussen, som blir fotografert i fart.

I Ytre Arna er det teikn til liv i sentrumsgata. Pizza kr. 59,-. Ute eller inne? Innehavarane tek seg eit parti sjakk på gata medan dei ventar på kundar. Litt sydlansk her dersom ei opprusting av gatemiljøet vert velukka. Framleis rikeleg med sol når klokka er 17.00. Kanskje eg burde stogga her ein dag.

Eg skimtar Garnes i det fjerne, men først må eg sykla rundt heile Arnavågen. 30 min. er nok, stod det ein stad, om fysisk aktivitet pr. dag. Det blir omlag den tida eg brukar heimover frå Ytre Arna. Altså ville det vore ideelt å jobba i Ytre Arna, for folk som bur i Åsane og. I Ytre Arna er dei kjende for sine store 1.mai arrangement. Hit kjem kjende politikarar for å halda 1.mai talen. I fjor var Jens her. I år kjem ho statsråden for likestilling og alt det der.

Frå stasjonen og heimover kjem eg på meir kjende vegar. Garnes er i grunnen sentrum for idretten i Arna. Laget Bjørnar er velsigna med ei kunstgrasbane, ei gåve frå han du veit. I forbifarten skimtar eg at det full aktivitet på alle delar av bana. Det var vel det som var meininga og. Fotball er eit lagspel. Det er visst nok sykling og, hvis ein skal driva med det på alvor. Luftmotstanden er motstandarden. Skal det gå an å gjera turen på sykkel heim frå jobben snøggare, må det organiserast eit lag som kan gjera det lettare å halda farten oppe. Sykle i flokk og fylgje, prata under vegs, skifta posisjon, nye kjem til, andre framme ved målet. Slik kunne det vore, om fleire tok sykkelen og sykla eit godt stykke.

Prøveturen var ikkje så verst. Dersom sykkelen ikkje sviktar blir det nok fleire turar.
Om å sykle TIL jobben her.


This page is powered by Blogger. Isn't yours?