torsdag, mai 07, 2009

 

Fiskekaker gir sykkelenergi

Debatten om nedlegging av Søstrene Hagelin og Madam Bergen er igang. Nokre vil starta ein aksjon for å hindra nedlegging, andre står i kø for å kjøpa. Gode bergensarar vil halda på tradisjonen, at dei to butikkane må bestå, og at alt må vera som før. Det er dei gode varme fiskekakene som er å få kjøpt over disk i Bergen sentrum det handlar om.

I det eg skal sykla heim får jobben, kjem eg til å tenkja på at eit par varme fiskekaker kunne vore godt. Turen går bortom Madam Bergen, og på hjørnet av Strandgaten nyt eg 3 varme fiskekaker. Utover i Sandviken kjenner eg at sykkelen skyt fart. Motbakkane i Helleveien og frå Eidsvåg opp til Stamskaret i Åsane går forundarleg lett. Samla høgdeskilnad utover her er sikkert 120 m. Trass i litt motvind og før eg veit ordet av det, er eg nesten framme i Arna. Madam Bergen fiskekakene sette fart i sakene. Eg held ein knapp på dei, framfor Søstrene Hagelin sine. Med tilgang på slik energi skal i allefall sykkelturen heimover gå lett. Men moroa kan ta slutt 30 juni, hvis det blir nedlegging.

Comments:
Hyggelig å lese bloggen din! Følger med dann og vann.

Hilsen medsyklist!
 
Legg inn en kommentar



<< Home

This page is powered by Blogger. Isn't yours?