tirsdag, mai 05, 2009

 

Blomar i fargar

I byen blømer dei japanske kirsebærtrea tidleg i år. Med kort avstand frå jobben kan ein innta lunsjen her når været er fint. Plastpose på setet er greit å ha dersom sykkelen skal brukast etter ei regnskur. Vi er i Bergen.

I byen er det også tulipansesong i parkanlegga, som her langs Lillelungeren, før kalla Lille Lungegårds vann. Ikkje så reint få tulipanlaukar har vore planta her. Snart kjem rhododendronsesongen. Ta turen til Bergen og sjå!

Langs vegen heimover i utkanten av byen blømer karsen på bøane der eg syklar forbi. Her er hovudfargen gråkvit, men ved nærare ettersyn finst det eit pikant innslag av lilla. Eg kryp ned på marka for å fotografera. Små avstikkarar gjer sykkelturen heimover "kortare" sjølv om han faktisk vert lengre. Kanskje ikkje så rart at andre trafikantar undrar seg over kva eg har å gjera her ute i enga.



Comments: Legg inn en kommentar



<< Home

This page is powered by Blogger. Isn't yours?