fredag, april 17, 2009

 

Sparte pengar å sykla !

Hensikten med å sykla er for dei fleste ikkje å spara pengar. Formålet er både å oppnå større velvære ved å bruka bruka kroppen, kombinera transport og fysisk aktivitet til og frå jobb og få ei reiseoppleving med fleire intrykk og større fridom enn med andre transportmidlar. Dessutan å spara miljøet for støy og utslepp, og la bilen få lov til å stå i ro. I dag har eg funne ut at det kan vera lønsamt å sykla også, i alle fall dersom eg kan sleppa å ta toget.

For 92 kr. får eg denne togreisa med sykkel på 8 minuttar. Av dette kostar sykkelen 59 kr. - utan plass. Kva ville det ha kosta med plass?

Ved å ikkje kjøpa billetten hos konduktøren i toget, men i automat, vil eg spara 20 kr. meir, altså 112 kr. Det blir 224 kr. om dagen. Men kvifor ta med sykkel på toget? Kanskje fordi ein skal sykla eit stykke i begge endar av togreisa. Det er det nok fleire som kunne tenkja seg.

No veit eg kva togreisa kostar, og kan konkludera. Her er det berre å sykla heile vegen, og gle seg over dei sparte kronene. På 2 veker er ein heil sykkel inntent.


Comments: Legg inn en kommentar



<< Home

This page is powered by Blogger. Isn't yours?