tirsdag, desember 02, 2008

 

Sykkelen skrantar

Sykkelsesongen for den lange turen mellom heim og jobb er snart over for i år. Ein velbrukt sykkel er ikkje særleg godt kvalifisert for den lange heimturen. Midt på dagen er det likevel fint å bruka den skrantande sykkelen som transport-middel når det trengst. På sykkelverkstaden sa dei om helsetilstanden: "Vil du ha det pudra eller rett frå levra?" Eg forsto hintet, at det eigentleg ville løna seg å kjøpa ein ny. Tannhjul og kjede er utslitne. Blir det ny sykkel til jul i år?

Ein liten tur bort til den nyopna Nygårdsbrua kan gå an. Her er det eigen trase for dei syklande. Ikkje alle er merksame på at syklistane må sykla i begge retningar innanfor den oppmerkte sykkelvegen. Dei gåande skal ha fortauet sitt i fred, men ikkje alle har skjønt det heller. Bybanen og biltrafikken skal dela på resten av vegbreidda. Vi får tru at det går seg til når trafikantane blir meir vane med nyordninga.


Comments: Legg inn en kommentar



<< Home

This page is powered by Blogger. Isn't yours?