fredag, september 26, 2008
Heim til middag
Hjortesteik høyrest bra ut. Då kan ikkje Toro konkurrera med ferdigmaten sin. Det hjeper ikkje kor flinke dei tilsette er til å sykla heller. Hjortesteik kan dei ikkje levera.
Å sykla roleg bak denne denne travhesten som er ute på ein treningstur bør ein også kunne ta seg tid til. Middagen kan venta. Men kva er vel meir ulogisk enn at han må dra på eit traktordekk ?Nesten 2 timar tok heimturen til Arna stasjon i dag, der bilen stod parkert. Til middag vart det korkje hjortesteik eller fårikål.
tirsdag, september 23, 2008
Nye utfordringar
Ei anna stor utfordring som mange er opptekne av er branntomtene i Sandviken. Holet i "tanngarden" som har oppstått etter brannkatastrofen i 4-5 av dei gamle sjøbodene må fyllast. Ikkje med ei talentlaus blokk som på tomta ovanfor, men med noko som samsvarar med dei andre kulturberande bygningane langs sjøen.Det minnkar på kulturminna langs sjøen. Fleire perler finst enno, men dei er truga av utbyggingspress, krevjande vedlikehald og brannrisiko. Hovudbygningen Maaseskjeret er ei slik perle.
På turen vidare heimover finst det også andre perler. I Eidsvåg er ei gruppe padlarar ute på vågen og kosar seg i ettermiddagsbrisen. Med dette været framover hausten skal det bli fint å sykla heim frå jobben. Utfordringa er om morgonen når det er mørkt, rått og kaldt, og andre morgonfuglar med kortare veg alt er framme på jobben.