fredag, mars 23, 2007

 

Tide i utide

Sykkelsesongen 2007 er igang. Den starta tidleg i år. Fleire har fått augo opp for sykkelen som transportmiddel og lar bilen stå, eller tar bussen om det trengst. Eg har hatt sykkelen med på jobb for første gang i år. Men på ein busshaldeplass må eg stoppa og får denne reklameplanaten i bakenden av bussen midt i fleisen.

Busselskapet, "Tide", køyrer uhemma reklame for "mannfolkbilar", nett det eg trudde dei burde halda seg unna å driva reklame for. Her har vi fått eit busselskap som ikkje skjønnar kva for oppgåve dei har i samfunnet. Verdigrunnlag og visjon for selskapet ser ut til å mangla.

I løpet av vinteren har vi for alvor forstått at klimautsleppa må reduserast, men kva er det som skjer? Bensinprisen er lågare enn for eit år sidan. Frå sykkelsetet i fjor såg eg ofte ein bensinpris på omkring 12 kr. Motivasjonen vert ikkje akkurat større av at det er mindre pengar å spara på å sykla, men ein får leita etter andre argument. Som at at ein sykkeltur i vårsola har større verdi kanskje. O sykkelstyre o kjærlighet, skreiv diktaren Nordahl Grieg.



Comments: Legg inn en kommentar



<< Home

This page is powered by Blogger. Isn't yours?