lørdag, juni 10, 2006

 

Utsikt frå sykkelsetet

På sykkelsetet er det fin utsikt, og når eg syklar skiftar utsikten heile tida. Utsikten treng ikkje vera like god over alt, det vil vera å forlange for mykje. Men når det gror opp med tett skog langs vegane, er det er særleg viktig at utsikt mot fjordar og vatn på nedsida av vegen vert halden open. I byen er det oftast bygningar meir enn skog som stengjer.
For mange er nok utsikten frå stoveglaset viktigare enn utsikten frå sykkelsetet. I dag er fleire turistskip på besøk i Bergen, og eg får lyst til å sykla utover Nye Sandviksveg for å få eit overblikk over dei store skipa som ligg ved kai. I svingen under Rothaugen er utsikten utover byfjorden heilt borte på grunn av eit nybygg, også kalla Skuten, i sjøkanten nedanfor. Litt lenger framme ser eg likevel attende mot eit av turistskipa ved kai på Bontelabo i eit gløtt over vegbana nedanfor.
Skuten ligg bak bygningane i framgrunnen, men ruvar høgare enn utsiktspunktet i svingen oppe til venstre. Mange har spurt: Kva skjer dersom nybygg på Slaktehustomten (til høgre) blir like høge som Skuten? Kanskje nokre gløtt mellom bygningane er det som må til for at eg som fer forbi på sykkelsetet skal kunne sjå utover fjorden, hvis det er eit av formåla med syklinga. Men utsikten frå stoveglasa, den er på sjøsida. Ein ekstra etasje betyr fleire stoveglas, fleire som kan betala for nyta utsikten over byfjorden. Her er stoveglasa, og fleire vil sikkert ynskja å bli nabo her og få fiskeplass langs med husveggen.


Comments: Legg inn en kommentar



<< Home

This page is powered by Blogger. Isn't yours?