lørdag, juni 03, 2006

 

Syklistar brukar ikkje slips

Det er ikkje lenger slipstvang her i landet, heller ikkje for syklistar, kanskje med unntak av eit par finans-/ advokatkjendisar. Men på kontinentert er det heilt normalt å sjå slipskledde menn med små dokumentmapper som syklar rundt i byen på veg til møte eller jobb. Forresten sykla eg nyleg forbi ei gigantisk samling av slips her i byen. Det var ikkje måte på kor mange slips som var stilte ut, men utvalet i mønster og farge såg ut til å vera noko meir avgrensa.

Ved nærare ettersyn vart eg i tvil. Var det silkeslips i moterette fargar eller var det eigentleg ein fiskehjell, slik du kan sjå dei i Nord-Noreg. Men fisken var stilisert, kunne det vera metall? Metallband i grå og blå nyansar med nokre lysare fargar innimellom, eller silkeslips?
No trur eg at eg veit svaret. Det er fasaden på det nye parkeringshuset ved hurtigrutekaien på Nøstet! Flott fasade? Men her bør bilførarane stilla i sportsbilar, armanidressar og glattstrokne skjorter som kan matcha slipsa. Etter å ha parkert er det berre å velja slips og ta catwalken inn til sentrum.
PS . Kan det tenkjast at vi kunne få eit like stilig hus å setja syklane i?


Comments: Legg inn en kommentar



<< Home

This page is powered by Blogger. Isn't yours?