fredag, juni 16, 2006

 

Sykle til lunsj

I lunsjen er det av og til fint å kunne ta seg ein tur ut i det fri. Har du ikkje din eigen sykkel med, kan du låne ein firmasykkel, hvis du er så heldig å jobbe ein stad dei har det. Då kan du nå langt på nokre få minutt. Her er ein den sykkelen eg lånte i dag. I korga på styret er det plass til ei stor nistepakke.

Ta gjerne turen bortover til Lungegårdsparken. Her har den nederlandske kunstnaren Martin Borchert fått oppført kunstverket "Regnhytten". Hytta skal vera mest spennande å oppleva i regnver. Hovudideen er at “Regnhytten” skal fungera som ein "opplevingsskulptur" der betraktaren kan følgje regnet si ferd frå himmel til sjø, heiter det i kunstnaren si forklaring. Lunsjen bør ein innta ein annan stad. Dessutan kan hytta vera opptatt, sjekk om det står parkerte syklar utanfor.

Hvis du går til fots, bruk gangvegen som ligg nærast Store Lungsgårdsvann. Sykkelvegen bakanfor er meir rettlinja, også kalla Cyklostradaen som er ein del av Landåsruten, ein grei sykkelveg for dei som jobbar på Haukeland universitetssjukehus. Skogen har vakse godt langs sykkelvegen etter at han vart opna på midten av 90-talet.

Snart kjem Kunsthøgskulen her inne, og meir spennande kunst kan oppstå langs denne nye forlengja kulturaksen.

Comments: Legg inn en kommentar



<< Home

This page is powered by Blogger. Isn't yours?