tirsdag, juni 13, 2006

 

Stavgang eller mountain biking

Er snarvegen over fjellet eit alternativ til å sykla rundt? Eg har møtte fleire som driv med stavgåing i det siste, også kalla nordic walking. Dei held stor fart, spesielt i motbakkane. Kanskje dei veit om smarte snarvegar over fjellet til Arna? Her er ein stavgåar på toppen av Arnanipa, 458 m.o.h.

Frå byen er det god hjelp i å ta Fløybanen opp og så langa ut innover mot Rundemannen. Eit stykke kan det løna seg å ha ein "mountain bike", men berre så lenge det finst opparbeidd veg. I ovarennet til hoppbakken i Hyttelien er det framleis liv i rhododendronhagen, som var eit kunstprosjekt i kulturbyåret 2000. Etter ein kort pause her tek eg peiling på Vikinghytten inne på Vardeggen. Her når stien nesten opp til 600 m.o.h. Vikinghytten har lange tradisjonar som serveringsstad, men berre på søndagar. No ber det på skrå nedover gjennom lyngknausar, krattskog og bratte myrar til eg står nede i Skitnedalen. Opp att på andre sida er lettare. Framme på neste høgdedrag ser eg utover Arna. Nedover her er det berre å sleppa seg laus. Skogen står tettare langs stien, og myrane er blaute. Eg trur ikkje det nyttar med mountain bike. Nede på vegen må eg berre konstatera at sykkelturen rundt går snøggare. Men kva treningsform har størst effekt? Dei seier at med stavgang er treningseffekten 40% større, og hvis turen tek nesten dobbelt så lang tid, kva er den totale effekten? Dette reknestykket er det god tid til å tenkja på undervegs.

Comments: Legg inn en kommentar



<< Home

This page is powered by Blogger. Isn't yours?