lørdag, juni 03, 2006

 

Spøkelshuset

Mange er på jakt etter ein stad å bu, men bustadprisane er høge. Likevel står hus tomme. Når du syklar langs vegen vert inntrykket sterkare enn frå bilvindauget. Er det kravet til komfort som er blitt så høgt at ingen lenger vil godta å bu i hus med vanleg enkel standard? Når hus vert ståande tomme og til nedfalls spør ein seg, kva er det som gjer at eigaren ikkje leiger ut og held huset i stand? Og ein nærliggjande tanke melder seg: kan det vera kommunen som er eigaren? Er det ein kommunal lærar- eller prestebustad som har falle ut av dei kommunale budsjetta? Ja, det er nok ei forklaring. Hærverk er neste fase. I dette tilfelle er det sagt at eigedommen no er komen på private hender. Kan huset reddast eller er tomten betre eigna for ny utbygging? Den som syklar forbi får sjå.

Comments: Legg inn en kommentar



<< Home

This page is powered by Blogger. Isn't yours?