tirsdag, juni 06, 2006

 

Sjøfronten

Ein sykkeltur frå Bontelabo og utover i Sandviken byr på mange opplevingar. Områda langs med sjøen er særleg mangfoldige. Her ligg tett med eldre sjøbuer av stor kulturhistorisk verdi, nokre stader med nyare næringsbygg i kontrast til det tradisjonelle særpreget. Mange har lyst til å bu her i kontakt med sjøen og kort veg til sentrum. Fleire sjøbuer er pussa opp, og den tradisjonelle bruken er endra. Ein av dei styggaste bygningane vert brukt bruk som arkitektskule (BAS). Sikkert ein spennande bygning for studentane, men også eit uttrykk for kva status dei estetiske faga har i vår tid. Dette er ein utdanningsinstitusjon meir bygd på idealisme enn på høg offentleg profilering.

Lenger ute har bustadblokker frå vår tid blitt heilt dominerande. Av ein eller annan grunn går no slike område under begrepet "sjøfronten", eit uttrykk for at det går ei frontlinje mellom dei som vil verna og andre krefter som vil fornya? I området "Sandviken brygge" har bustadblokkene fått fullt gjennomslag. Kostbare bustader som mange ser ut til å ynskja seg med sol, utsikt til sjøen og moderne innreiing.

Andre er kanskje litt usikre på kva dei har fått igjen for millionane som er investert. Det er ikkje til å unngå at ein del bustader vender mot baksida av glansbiletet. Men hvis sykkelparkeringa er bra, er utgangspunktet godt. Heilt ideelt å bruka sykkelen herifrå til sentrum eller på ein tur til fjells.


Comments: Legg inn en kommentar



<< Home

This page is powered by Blogger. Isn't yours?