onsdag, juni 21, 2006

 

Rhododendronjakt med sykkel

Bergen er den store rhododendronbyen. Her finst store mengder av desse plantene, nokre av dei i kommunen sine parkar, andre langs hovudvegane og elles i mange private hagar. I sentrum ligg eit såkalla Rhododendrarium, og i Arboretet på Milde kan du oppleva ei enno større samling. På denne årstida står rhododendronen i blomst. Som syklist blir du særleg fasinert av kor store ein del av desse prydbuskene kan bli, ja, større enn ein dobbeltgarasje (sjå sykletiljobben 10.juni).

Frittståande rhodendron får ei rund og fin form dersom dei får stå i fred som dette eksemplaret på Gyldenpris. Nokre av dei har vakse i 30-40 år. Kor store kan dei bli? Kvar i byen finst den største? Her er grunnlag for ein spennande konkurranse. Busker som veks i parkar og i lange rekkjer tel ikkje i konkurransen, berre frittståande rhododentron i privat hage. Det kan bli ei interessant oppgåve å finna ut med hjelp av sykkelen.
På søndagstur i Arna fann eg denne raudlege sorten som stiller sterkt i sin klasse.

Jakta held fram, og eg siktar meg inn mot dei beste rhododenstroka i byen. Det kan vera bustadområde som vart bygde ut litt før krigen eller i åra etter, kanskje også på 1950-talet. Det betyr at område på Storetveit, Minde, Kronstad, Fjellsiden, Laksevåg, delar av Sandviken og Eidsvågneset er interessante. Ein god kandidat oppe i Fjellsiden ser slik ut.

I går baud det seg eit høve til å undersøkja områda langs vegen frå Damsgård over Melkeplassen gjennom Fyllingsdalen mot Straume og innover Straumevegen til Fjøsanger og Minde. I Fyllingsdalen finn eg fine rhododendronfelt, med sjeldan store frittståande buskar. Langt ute i Straumevegen kjem eg på feil kurs på grunn av dårleg skilting, som her.

Å jakta på rhododendron høver best i godver, men planten likar regn, og det er difor heilt naturleg at regnveret kjem. Ein busshaldeplass eller ein undergang gir ly for regnet til det verste er over. Her er ein av dei meir særeigne undergangane på Straumevegen.

Langs Straumevegen er det lett å sykla trass i regnveret. Men skiltinga kunnne vore betre. Kyrkjetangen er ein populær badeplass som ligg her, og for dei fleste bør sykkelen vera eit sjølvsagt framkomstmiddel hit. For folk som syklar frå Fyllingsdalen til Bergen sentrum er det lettare å sykla Straumevegen enn over Melkeplassen, men det kan ta litt lengre tid. Kor mange har oppdaga denne ruta? Ei Fyllingsdalsrute kan kombinerast med ei rute via Straumevegen.

Vatnet held fram med å hølja ned til glede for alle rhododendronane. Fotoapparater et vått og eg må sleikja av dropanene på linsa når eg skal bruka apparatet. Likevel går det fort innover mot Fjøsanger. Her ligg Langegården, der sykkelvegen fyljer den store alléen som fører inn mot hovudbygningen. Langegården er også eit lanskapsvernområde. Kanskje dette er eit område som kan ha store rhododendronar.

Eg skjerpar blikket i det eg syklar vidare innover Fjøsangerveien. Og der ser eg han. Dette må vera den største. Ialle fall den største eg har sett til no. Han er stor nok til at ein kan gå under han, rundt stammen og greinene som held den store blomsterkruna. Større enn denne ventar eg ikkje å finna. Like greit å konstatera det med det same. Eg må ty til 28 mm vidvinkel på fotoapparatet for å få med heile vidunderet.

Her er vinnaren.

PS. Ein tur på sykkelvegar sør og vest for sentrum ga også nyttig erfaring. Her bør fleire syklistar ut på vegane.


Comments: Legg inn en kommentar



<< Home

This page is powered by Blogger. Isn't yours?