søndag, juni 18, 2006

 

Med sykkel langs Vossebanen

Ta ein tur med den gamle vossebanen mellom Garnes og Midttun! Her går damplokomotiv med stilige passasjervogner to turar kvar søndag i sommarsesongen. Eg tek sykkelen for å oppleva litt av miløet rundt banestrekninga. På Garnes stasjon kjem toget inn mot perrongen etter å ha gjort første turen. Det er høve til å ta med sykkel, seier ein av togpersonalet. Eg har derimot tenkt å sykla oppovet langs Arnadalen for kanskje å bli med toget der. Opp til Haukeland stasjon er det 10-11 km. Ein fin søndagstur på sykkel på vegar med relativt lite trafikk, dels gang- og sykkelveg. Vidare mellom Haukeland og Midttun er det ikkje forsvarleg å sykla når det er mykje trafikk. Då kan det vera interessant å ta toget på denne strekninga. Lokomotivet skal skifta før det er klar til ny avgang frå Garnes stasjon. Eg har god tid til å sykla i forvegen Ved Janusfabrikken på Espeland vert eg var at stasjonsbygningen er pussa opp. Eg trur sjølvsagt at toget skal stoppa her, men når toget kjem, stampar det forbi utan å stoppa. Toget har passert, og eg står der litt snurt. Farten er ikkje stor, men toget er langt forbi før eg bestemmer meg for å prøva å ta det igjen på Haukeland stasjon. Siste strekningen går lett unna på god gang- og sykkelveg. Eg ser siste vogna i det toget er i ferd med å stoppa å stasjonen. Eit søndagstog gjer seg vel god tid på denne fine stasjonen, tenkjer eg. Men skulle du sett. I det eg er framme på perrongen, har toget starta opp att. Eg ser det berre nokre sekund på veg vidare mot Midttun. Det blir ingen tur til Midttun denne gongen. Hvis toget hadde gått her kvardagar, kunne det vore eit trafikksikkert alternativ for ein syklist på veg til jobb byen. No vert toget møtt av ein "snutebuss" på Midttun, som tek passasjerane med til Bergen sentrum. Når eg ikkje kan ta toget til Midttun, vil eg heller ha banstrekninga som sykkelveg. "Snutebussen" kunne henta passasjerane her på Haukeland og køyrt vegen langs med Grimevatnet, som er ei meir historisk interessant vegstrekning enn strekninga frå Midttun til sentrum. I tillegg kunne det vore interessant med hesteskyss på gardsvegen mellom Haukeland og Bratland Camping og attende medan toget venta på Haukeland. Tenk litt meir på det forslaget!

På vegen attende regnar det ein skvett, men eg tek meg tid til å sjå toget ved Gamle Arna stasjon. Stasjonsbygningen her er i bruk av Arna Frivilligsentral. Her er det slutt på togserveringa for i dag. Servicepersonalet som jobbar gratis på toget er ferdig for dagen. No ventar eg i spenning på at toget skal gjennom rundkøyringa ved bommane. Biltrafikken her er no lysregulert. Bommane er fjerna for mange år sidan, men namnet heng att. Her kjem toget gjennom rundkøyringa.

På siste stykket heimover kan eg summera opp tankane. Mitt forslag til nytt turopplegg er altså:
- Veteranbåten "Bruvik" Bergen - Garnes
- Veterantog på gamle vossebanen Garnes - Haukeland
- Hest og postvogn Haukeland - Bratland camping
- Veteranbuss "snutebuss" Haukeland /Bratland camping - Nesttun
- Ny bybane Nesttun - Bergen
Dessutan: Sykkelveg på jernbanesporet Bratland - Midttun

Comments: Legg inn en kommentar



<< Home

This page is powered by Blogger. Isn't yours?