fredag, juni 09, 2006

 

Kvar vil me bu?

Me syklar frå jobben og heimover til kvar sin bustad, i ulike retningar, til ulike bustader. Det finst sikkert 100.000 alternative stader å bu i Bergen. Har du funne den rette staden, eller er bustaden du har berre resultatet av tilfeldige omstende og eit situasjonsbestemt val som du på eit vis har funne deg til rette med? Mange bustader skifter eigar kvart år, mange er på jakt etter ein ny bustad, andre går berre på visning. Nokre bustader skifter oftare eigar enn andre. I Åsane kan ein ikkje unngå å kasta eit blikk på ei gruppe med fargerike hus når ein syklar forbi og spørja: Kjem nokon av desse husa på salg? Hesthaugen Selegrend burettslag (BOB) står det på skiltet. Dei som sikra seg ein bustad her i 1976, då dei 113 husa var ferdige, meinte sikkert at dei hadde funne den rette staden å bu og har kanskje budd der sidan. For ei tid sidan vart husa malte i meir sprelske fargar.

Eit par ting tydet på at dette burettslaget ikkje er heilt som andre. Dei har både båtlag og pub! Ja, pub. Men opningstidene veit eg ikkje. Noko å tenkja på for andre nabolag som treng ein møteplass. Og båtlag har dei, heller ikkje heilt vanleg vil eg tru. Det er lang veg til sjøen herifrå.
Men det er grei sykkelavstand til alle tenester rundt i heile Midtbygda og til bussterminalen. Det sentrale området er relativt flatt, og her er lett å sykla, bilkøane hindrar deg ikkje. Heile Midtbygda kunne med nokre enkle grep vore erklært som sykkelby. Eit betre tverrsamband over motorvegen må til. I Selegrend finst det sikkert mange aktive syklistar som vil setja pris på det.

Comments: Legg inn en kommentar



<< Home

This page is powered by Blogger. Isn't yours?