torsdag, juni 01, 2006

 

Kaotisk

Nok ein gong fekk eg oppleva eit bilkaos på veg heimover. Denne gongen i Arna. Det blir påstått at ein stor bil har rive ned takplater i Arnanipatunnelen. Har vi ikkje høyrt den før? Er det sant? Det har også nyleg vore sagt at takplater losnar av seg sjølv etter nokre år. Ein del tunnelar er spesielt utsette. Dette skjer alt for ofte. Det må leggjast fram konkrete bevis på kva som har skjedd, elles trur eg ikkje på dei forklaringane som vert gitt. Men som syklist slepp du lett unna det heile. På veg innover frå Ytre Arna ser eg køen på lang avstand. Mykje tyder på at køen har stått i ro lenge, for den vanlege agressiviteten som du ofte ser elles er lite synleg. Folka i bilane virkar meir oppgitt og ser ut til å ha resignert. Berre ei lita pulje med bilar i motsett retning rører på seg. Det heile liknar på tilstanden som kan oppstå ved ein katastrofe der Bergen må evakuerast autstover. Det vil bli kaotisk.
Fleire vogntog har parkert i vegkanten. Uvanleg mange campingbilar og ein del bussar er fanga inne i den lange stilleståande køen. Å ta ein handletur med bil til Øyrane torg kan du berre gløyma. Det skal vera gått 8-9 timar sidan problemet oppstod, og tunnelen vil ikkje verta reparert før i morgon tidleg vert det sagt. På strekninga mot Garnes vert trafikken dirigert i ein retning om gongen. Retningen skifter kvar halvtime. Nei dette vil ta tid. Utfartstrafikken må vera ekstra stor. Folk har teke tidleg pinseferie. Heller ikkje uvanleg å høyra at pinsetrafikken står i kø, men ikkje akkurat her. Lufta er stinn av eksos frå bilar som går på tomgang. Heldigvis kan eg leggja sykkelruta gjennom bustadområda høgare oppe og unngå svineriet. Dette får vel greia seg for denne gongen. Som alltid er det mykje å oppleva på sykkel. Ikkje minst den fridomskjensla som du ikkje opplever i eit bilsete.


Comments: Legg inn en kommentar



<< Home

This page is powered by Blogger. Isn't yours?