fredag, juni 09, 2006

 

God idé!

Denne gata kan bli sykkelgate! Ja, skal eg tru på tankar frå folk som veit litt om trafikkplanlegging og det som står i Bergensprogrammet er det håp om det.

Gata er i dag einvegsregulert for biltrafikk ut frå sentrum. Syklistane som kjem frå sør over gamle Nygårdsbrua og innover mot sentrum må snirkla seg fram mot køyreretninga på eit smalt fortau. Lenger framme, ved lysverkbygningen er vegen kort fram til Festplassen. Difor er dette ei viktig rute for syklistar. Det er nesten ikkje til å tru at biltrafikken kan flyttast slik at denne gata, som altså er ein del av Lars Hilles gate, kan bli sykkelgate. Nordsjøsykkelruta / Fanaruta vil få god plass her sjølv om det også må vera plass til lokal biltrafikk fram til nærområdet omkring. Flott! Stå på med å gjennomføra sykkeltiltaka i Bergensprogrammet! Her er utsnitt av eit kart der sykkelvegtraseen er teikna inn.


Comments: Legg inn en kommentar



<< Home

This page is powered by Blogger. Isn't yours?