fredag, mai 26, 2006
Forvent litt mer! eller Vent litt meir?
På heimturen via Eidsvågneset opplever eg å bli vitne til at eit busskur blir reingjort for tagging. Servicebilen ventar medan ein av mannskapet i sitrongul kjeledress og bokstavane NCC på ryggen arbeider i busskuret på andre sida. Flott at nokon har i oppgave å ta seg av dette. Men prøv å skilja mellom grafitti og tagging er no mitt syn.
På bilen står det NCC, og slagordet "forvent litt mer". På nynorsk blir det: "Vent litt meir", men det er vel ikkje meininga. Eller kanskje det har litt meining i dette tilfelle. Busskura skal brukast til venting. Når dei er pussa og vaska kan folk gjerne venta litt meir, utan å irritera seg over tilgrisa og skitne skur. NCC Region Vest har hovudkontor i Arna, og her er nynorsken framleis i bruk. Men er det nynorsken som kjem til kort i dette tilfelle? Kva skulle det stått på nynorsk for å få fram same meininga som på bokmål? Eg veit ikkje.

Comments:
<< Home
Ikkje noko problem. Det høyrest kanskje ikkje ut som fullgod nynorsk , men du har lov å skriva forvent på nynorsk!
Legg inn en kommentar
<< Home